Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Festeavgifter i Øygarden

Etter 20 år må det betalast festeavgift for ein gravstad.

Frå 1.1.2014 er festeavgiftene fastsett til kr 300 pr. år for ein gravstad. Satsen er godkjent av kommunestyret i Øygarden. Festeavgiftene vil verta fakturert i bolkar kvart 5. år, det vil seie eit beløp på kr 1500 pr. feste.

Det er Øygarden kyrkjelege fellesråd som fakturerer festeavgiftene. Dei første 20 år etter at grava er tatt i bruk skal det ikkje betalast festeavgift.

I det året festetida er ute, skal festaren varslast om at grava forfell til betaling. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til gravplassen. Festaren pliktar å melda frå om endring av adresse og pårørande pliktar å melda frå ved overtaking av feste etter død. Dersom det ikkje er gjeve melding til kyrkjeleg fellesråd (kyrkjekontoret) om endring av eller overføring av feste, vert grava sletta.
Før sletting vil kyrkjeleg fellesråd varsla festar eller pårørande om at grava vert sletta. Det vert også sett opp melding på gravminnet.

Sjå også vedtektene for kyrkjegardane i Øygarden.

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no