Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Gravferd for personar som ikkje er medlem i Dnk

For alle personar busett i Øygarden er sjølve gravlegginga kostnadsfri. Dersom ein ikkje er medlem i Den norske kyrkja og ønskjer seremoni i ei av kyrkjene i Øygarden må det betalast for dette.

GENERELT

Øygarden kyrkjelege fellesråd har ansvar for gravlegging av alle personar busett i Øygarden uavhengig av medlesskap og religion. Det er ikkje gravfelt for muslimar i Øygarden. For personar busett i Øygarden kostar det ikkje noko å verte gravlagt (sjølve gravlegginga på kyrkjegarden).

AVDØDE PERSONAR SOM IKKJE ER MEDLEM I DEN NORSKE KYRKJA

Dersom ein ønskjer seremoni i ei av kyrkjene i Øygarden og avdøde ikkje er medlem i Den norske kyrkja må ein betale for seremonien. Kyrkjetenar og organist er obligatorisk. Dersom ein ønskjer prest (også for båreandakt og pårørandesamtale) må det avtalast særskilt. Pr. i dag vert ikkje denne tenesta fakturert. 

Seremoniar i kyrkjer i Øygarden skal vere etter Den norske kyrkja si ordning for gravferder. 

Satsane er sjølvkost.

Handling (seremoni i kyrkja)

      Pris

  Gravferd

     Pris

  Bisetjing

Leige av kyrkje

       1 700

     1 700

Leige av kyrkjetenar

       1 300

     1 300

Leige av organist

       1 400

     1 400

Administrasjonskostnader

          800

        800

Totalsum

       5 200

     5 200

Kostanden vert fakturert den som er oppgitt som er ansvarleg for gravferda iflg. begjæringa som vert sendt oss.

Kontakt kyrkjekontoret tlf. 56382240 eller e-post  post.oygarden@kyrkja.no  om noko er uklart.

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no