Konfirmasjon i Øygarden

I Øygarden vel dei aller fleste kyrkjeleg konfirmasjon. Ordet konfirmasjon kjem av det latinske verbet confirmare, som betyr å styrke, stadfeste eller «å gjere sterk».

Konfirmasjon er ein gamal tradisjon. I Den norske kyrkja er konfirmasjon ei forbønshandling som stadfestar løftene Gud gav då du vart døypt. I konfirmasjonstida lærer du kva kristen tru har med ditt liv å gjere.

Konfirmasjonstida er ei spanande tid. Det gir moglegheit til å finne ut meir om den kristne trua, få svar på spørsmål, til å ha det kjekt saman og kanskje bli litt utfordra? Konfirmantopplegget i Øygarden består av undervisning, gudstenester og ein klubb som du veljer å delta på.

Her kan du velje mellom KRIK, Gospel Teens, Refuel og Ahava. I tillegg reiser vi sjølvsagt på konfirmantleir.

For informasjon om konfirmantopplegg, tidspunkt for konfirmasjon med meir kan du kontakta kyrkjelydspedagog Hogne Berland på mobil 98683424, eller kyrkjekontoret på telefon 56 38 22 40 eller e-post: post.oygarden@kyrkja.no. 

Alle som vil konfirmere seg i kyrkja i Øygarden, må melde seg på via elektronisk skjema, og det vert lagt ut informasjon om påmelding til konfirmantåret 2018/2019 på denne sida når det vert opna opp for påmelding.