Fellesskapskveld med stort oppmøte

Felleskapskvelden 2. november samla mange menneske i Hjelme kyrkje. Rundt 120 møtte opp for å høyre ungdomane fortelje frå studie- og misjonsturen dei hadde til Thailand i oktober.

Ei gruppe ungdomar frå Øygarden var i oktober i Thailand og besøkte m.a. misjonsarbeid som kyrkjelyden i Øygarden stør økonomisk. Ungdomane kan fortelja om ein flott og interessant tur der dei fekk oppleve arbeid som misjonen driv men også fattigdom mellom folk. Ungdomane stod for det meste sjølv på fellesskapskvelden og det var fint å høyre dei vitna om Jesus. 

På fellesskapskvelden vart det servert thaimat og dei frammøte koste seg i eit godt fellesskap.

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no