Ingebjørg Martinussen frå Øygarden innvigd til misjonær under UL i Ålgård

Ingebjørg Martinussen (t.h. )frå Knappen vart innvigd til misjonær på UL i Kongeparken i Ålgård. På dei fremste radene sat familie, vener og mange ungdomar frå Øygarden.

På den kristne ungdomsfestivalen UL er det tradisjon med misjonærinnviing i løpet av festivalveka. Det er ein seremoni der misjonærane vert presentert, svarar på spørsmål og vert bedd for. I år var innviinga ekstra spesiell for gjengen som var tilreisande frå Øygarden, sidan ein av misjonærane var frå heimstaden.

Innvigd

På kveldsmøtet torsdag kveld vart Ingebjørg innvigd saman med ekteparet Marie og Juan Pablo Vargas frå Rogaland som også har med seg to born. Dei vert alle intervjua på scena før hovudstyret i NLM kjem inn. Styreleiar Lars Gaute Jøssang stiller dei fleire spørsmål om den kristne trua. Desse må dei svara ja på, før dei kneler og vert bedd for. Ungdomane frå Øygarden kjem fram til scena og vert med i forbøna.

Høgtideleg

Ein av dei er Petter Rong frå Rong. Han har ikkje vore på misjonærinnviing før. «Eg skjøna då familie og vener dukka opp at dette var ei spesiell anledning. Det var fint og eigentleg litt høgtideleg.» Han kan godt skjøne at det kan ha noko for seg å markere utreisa på denne måten. «Eg trur det vert lettare å hugse på misjonærane og det føles som at Ingebjørg er vår

eigen misjonær.» Ingeborg Børve Skjold frå Skjold har vore med på misjonær-innviing før, men syntes det var litt rart no då ho kjende misjonæren. «Det var veldig fint når så mange var med og bad. Eg ønskjer å hugse på Ingebjørg og be for ho framover også.» 

Fleire tusen i salen

Under innviinga vert det lest ei rekke ulike bibeltekstar. To av ungdomane som var med var Suzanne Rommetveit og Miriam Sandøy frå Øygarden. «Det var spesielt å vera på scena når ein veit at det er fleire tusen i salen. Eg grua meg litt, men det gjekk fint!» seier Suzanne. Miriam er einig i at det var litt skummelt: «Vi tenkte at vi måtte tørre det sidan det var Ingebjørg som skulle innviiast! Det var ekstra stas å kjenne misjonæren.» Suzanne legg til at det var interessant å få sjå eit så stort arrangement frå den andre sida av scena også. «Då såg vi verkeleg kor mange som er i arbeid for å lage til møta.» 

Flott oppleving av fellesskap

Ingebjørg sjølv syntes innviinga var ei flott oppleving av fellesskap. «Eg synes det er stort å få vera med på misjonsarbeidet. Det er kanskje eg som reiser, men eg kjente veldig på UL at dette er vi saman om.» Å svare ja på alle spørsmåla frå hovudstyret syntes ho også var fint. «Eg vart minna om at dette handlar om Jesus først og fremst, og ikkje at vi skal laga ein strategi. Det er Gud som kallar og det er han som utrustar.»

Misjon i Sør-Amerika

På UL i år vart det samla inn pengar til nettopp misjon i Sør-Amerika. Deltakarane fekk høyra om og sjå fleire filmar frå arbeidet der. Norsk Luthersk Misjonssamband har hatt misjonærar i Peru og Bolivia sidan 1978. I dag arbeidar dei mykje med leiaropplæring og bibelundervisning for dei lokale, lutherske kyrkjene. I Peru er dei fleste katolikkar, men mange blandar saman kristen tru og folkereligiøsitet, mellom anna dyrking av moder jord. Det er stort behov for leiartrening slik at dei kristne leiarane kan verta utrusta til å navigera i eit samansett religiøst landskap.

Intenst kursprogram

Etter UL reiste misjonærane på utreisekurs på Fjellhaug i Oslo før dei reiser saman til Arequipa i Peru. På telefon frå kurset kan Ingebjørg fortelja at det er eit intenst program dei skal gjennom før avreise og at ho er klar for å reisa. Ho er spent på korleis det vil bli å arbeide og bu i Peru så lenge, og spent på å verta kjent med mange nye menneske. Ho trur det vert nokon utfordringar i starten, særleg med språk og kultur. «Eg reiser med litt skrekkblanda fryd. Eg kjem heilt sikkert til å gjere nokon blemmer og sei mykje feil i starten, men eg må berre kaste meg utpå. Det gjeld nok å ikkje vera redd for å dumme seg litt ut og heller berre prøve seg fram med språket» seier Ingebjørg, før ho avsluttar med at ho gler seg veldig til å koma i gang.

 På plass i Areguipa

Ingebjørg er i skrivande stund på plass i Arequipa der ho skal arbeida i 4 år. Det første året skal ho ha fokus på å læra det spanske språket betre, bli kjent med folk og vera ein miljøarbeidar for dei norske misjonærborna. Seinare er planen at ho skal arbeida som ein ressursperson inn mot dei lokale søndagsskulane og barne- og ungdomslaga.

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no