Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Konfirmantane med innsamlingsaksjon til kristne i Egypt

Den 13. mars får folk i Øygarden besøk på døra av årets konfirmantar med bøsser. Vårens innsamlingsaksjon skal gå til arbeid mellom fattige kristne i Egypt.

Kristne i søppelbyen

Eit stykke frå sentrum av hovudstaden i Egypt, Kairo, ligg bydelen Moqattam, eller søppelbyen som den vert kalla. Her bur det om lag 100 000 menneske som prøver å leve av å sortere søppelet frå storbyen. Fattigdomen er stor.

Dei alle fleste av menneska her er ein del av den koptiske kristne minoriteten i landet. Om lag 10 prosent av innbyggjarane i Egypt er koptarar. Det har vore kristne her i landet heilt frå disiplane si tid, men forholda er i dag svært vanskeleg for dei kristne koptarane som vert undertrykt og sett ned på av resten av innbyggjarane.

Kall til å hjelpe

I 1987 besøkte Maggie Groban denne Moqattam for å dele ut gåver til nokon av borna. Ho var frå ein velståande familie i Egypt og underviste på det amerikanske universitetet i Kairo. Då ho såg nauda og barna som arbeida på søppelfyllingane, fekk ho eit kall om å vie livet sitt til å hjelpe borna og familiane som budde her.

Stefanusbarna

Over 30 år seinare har arbeidet hennar vakse seg stort. Mama Maggie, som ho no vert kalla, starta organisasjonen Stefanusbarna som har 1500 medarbeidarar som arbeider for å hjelpe i søppelbyen. Halvparten av dei tilsette arbeider i barnehagane som organisasjonen driv. Den andre halvparten arbeider med å gå på heimebesøk til familiane som bur her. Når en medarbeidar er på heimebesøk, vert tida brukt til å gje barna vekas kanskje einaste bad, og dei har med seg reine klede. Dei kartlegg helsebehov, dei gjev hjelp til lekser og fortel bibelhistoriar. Det er i praksis nesten umogleg å få lov til å bygge nye kyrkjer i Egypt. – Men ingen kan nekte oss å byggje ei kyrkje på innsida av kvart einaste av desse borna, seier Mama Maggie.

Stefanusalliansen

Den norske organisasjonen Stefanusalliansen samarbeider med Mama Maggie sin organisasjon i Egypt. På denne måten kan vi i Noreg få bety noko for dei kristne i Egypt. Konfirmantane i Øygarden skal lære meir om Mama Maggie og Stefanusalliansen sitt arbeid i Egypt framover, før dei skal i aksjon i midten av mars. To og to skal gå saman og målet er å besøkje alle dører i Øygarden denne dagen.

Ta godt imot konfirmantane den 13. mars!

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no