Vaksine før misjonstur

I oktober reiser 15 ungdomar frå Øygarden til Thailand. Målet er å sjå og oppleve landet, kulturen og misjonsarbeidet der på nært hald. Førebuingane er i full gong og 4. mai måtte Blomvåg kyrkje gjerast om til vaksinasjonskontor for ein kveld!

Det starta som berre ein tanke, men no vert studietur til Thailand ein realitet! Haustferien i år vil for 15 lokale ungdomar og 3 vaksne verta ganske så annleis. I 10 dagar skal dei besøka landet, oppleve kulturen, treffe lokale kristne, møte misjonærar og ete annleis mat! Den 4. mai hadde ungdomane ein av fleire førebuingssamlingar i Blomvåg kyrkje. 

Skal ein reise så langt øst, vert ein anbefalt både den eine og den andre sprøyta. Dermed vart Blomvåg kyrkje denne kvelden brukt til noko den sikkert ikkje har vorte brukt til før: Felles vaksinering. Som vanleg når det skal vaksinerast var nokon svært skeptiske til denne Hepatitt-sprøyta. Andre tok det meir med ro og lurte på om det også gjekk an å vaksinera seg mot appetitt.

Etter litt grining på nasa var alle gjennom og dei kunne gå vidare til å snakka om pengeinnsamlinga til turen. Ein slik tur kostar sjølvsagt ein del pengar og for å få ned eigenandelen har ungdomane og foreldra engasjert seg med ulike dugnadsprosjekt. I tillegg vert det søkt om støtte både hjå kommunen og lokale bedriftar. Dugnadsånda er god og ungdomane har allereie arbeidd inn mange tusen kroner. 

Som vaksenleiarar på turen vert Espen Tveten, Kate Solsvik og Hogne Berland med. Espen har som mange veit vore i Thailand og kjenner kulturen og språket i tillegg til at han har kontaktar i landet. Dette vert ein fordel når turprogrammet skal leggjast. Den 6. oktober går turen først til Bangkok. Her får dei blant anna vitja Lovsangshjemmet som Det norske misjonsselsskap driv og som hjelper menneske i dei fattigaste områda av hovudstaden. Etter nokre dagar her går turen med tog til det andre hovudmålet for turen: Mukdahan i nord-øst. Her budde Espen og familien noko av tida i Thailand. Her får reisefølgjet sjansen til å møte lokale kristne ungdomar og vaksne og sjå korleis misjonsarbeidet vert drive. Dei siste to dagane på turen vert brukt sør i Thailand i Hua Hin. 

Undervegs på turen er planen å sende hyppige oppdateringar til Noreg via sosiale medier, så alle kan få sjansen til å følgje med på kva som skjer!

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no