Pit Stop i Straume forum

På starten av eit nytt år gjekk fleire kristne ungdomsmiljø i området saman om å arrangere ungdomskonferansen Pit Stop i Straume forum.

Det første Pit Stop i Straume forum 13.-15. januar vart ei helg fylt med møter, lovsang og seminar. Ny leiar i IMF Ung, Andreas Evensen, leia komitéen som stod bak arrangementet. «Målet vårt har vore å samla ungdomar på tvers av ulike ungdomsmiljø i vårt område til ei helg med påfyll og mulighet til å treffe kristne frå andre stader», seier Andreas. «Til å arrangere har vi med YA frå Betlehem i Bergen, Tremor og UK frå Straume og Refuel frå Øygarden. I tillegg fleire frå Midthordland og Nordhordland Indremisjon.» Temaet for helga var «God nok?». 

På responsen var det tydeleg at dette var eit tilbod ungdomane sette pris på. Over 200 var på plass på det første møtet fredag kveld. Ungdomane var forøvrig ikkje berre å sjå i salen. Mange var sjølv engasjert i alt frå møteleiing, teknisk styring, lovsangsteam, kafé, rigging til anna praktisk arbeid. 

Lørdagen starta med såkalla morgonmøte kl. 13.30, men dei som var «tidleg» oppe kunne få med seg ei KRIK-økt kl. 11 på bibelskulen på Bildøy! Etter møtet vart det servert lasagne til middag og utover lørdagen kunne ungdomane velga mellom ulike seminar før møte igjen og underhaldning på kvelden. Søndag vart helga avslutta med møte saman med forsamlinga i Straume forum. 

Frå Øygarden var Jeanett Skjold og Aurora Overå Hansen deltakarar heile helga. Dei går i 8. klasse og var dermed nokon av dei yngste som var med. På søndag får dei spørsmål om kva dei synest om helga. «Dette har vært veldig bra! Det er jo ein grunn til at vi har kome igjen alle dagane», seier Aurura. Jeanett er enig. «Det har vært bra taler og god stemning heile helga. Når det ikkje har vært møter eller seminar har vi vært i kiosken og slappa av.» Begge synes også det har vore bra å få lovsynga. «Vi kan sangane dei speler her og det er alltid kjekt å synga!» seier dei. 

Andreas Evensen er nøgd etter helga. «Vi fekk til mykje av det vi håpa på. Det vart eit samlingspunkt for kristne ungdomar med mykje bra påfyll i ein travel kvardag.» Han kan avsløra at det allereie er evaluert at ein vil satse på Pit Stop i Straume forum til neste år også!

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no