Givarteneste/gåver til arbeidet

Inntektene frå fast givarteneste er viktige. Desse inntektene er med og finansierer vårt arbeid mellom born og unge. Du som gir påverkar storleiken på ressursane. Utan faste givarar vert økonomien trongare og tilboda redusert. Pengegåver til Den norske kyrkja er skattefrie.

Me treng fleire faste givarar!  Det er i overkant av 900 born og unge mellom 0-18 år i Øygarden. Gjennom vårt trusopplæringsarbeid skal me nå desse. Det seier Trusopplæringsreforma. Me tek det oppdraget på alvor. Ditt bidrag gjer det lettare for oss å utføre oppdraget.

Det totale budsjettet for arbeidet mellom born og unge er på over 1,5 mill kroner. Av dette er det i 2017 budsjettert med kr 180 000 i gåver utanom offer i kyrkjene, til kyrkjelydsarbeidet.

Kontonummeret til Øygarden sokneråd er: 3628 55 90870

Du kan også gi via appane Sping og Vipps. Sping vert drifta av Sparebanken Vest. Her søkjer du opp Øygarden sokneråd og gåver til barne- og ungdomsarbeidet. Brukar du Vipps kan du nytte kode #75632 (Blomvåg kyrkje) og merke gåva med TEAM (det er viktig)

Ta kontakt med oss for informasjon om korleis du går fram for å få dine gåver registrert slik at dei vert skattefrie, telefon 56382240 eller e-post: post.oygarden@kyrkja.no.

Tusen takk for det du gir!

 

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no