Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Øygarden sokneråd og Øygarden fellesråd

Her finn du informasjon om soknerådet og fellesrådet sine oppgåver.

Faste medlemer i kyrkjelege råd i Øygarden perioden 2015-2019

Erling Vik, leiar, tlf. 48210462. Tormod Magnesen, nestleiar.  Øyvind Solsvik, Gisle Kårbø Rong, Råmund Skjold. Eilert Olai Hellesøy. Sokneprest Espen Sigve Tveten.

Vararepresentantar Hjelme sokn:  Bjørg Fjeldstad, Astrid Nautnes Rustad, Arild Nordvik, Monica Breivik, Thorleif Birger Hellesøy.
 
Vararepresentantar Blomvåg sokn: Inger Marie Blom Bonifacio, Therese Dale, Jakob Kåre Blom, Åse-May Solsvik Blom, Øystein Vik.
 
Inger Helene Dalen, er kommunen sin faste representant i Fellesrådet,  Remi Oen er vararepresentant.
______________________________________________________________________
Informasjon om råda sitt arbeid og arbeidsdeling mellom sokneråd og fellesråd.

Eit sokneråd er eit råd samansett av soknepresten og 4, 6, 8 eller 10 medlemmer valde for 4 år av og blant dei som har røysterett i soknet. Øygarden sokneråd er eit såkalla samanslått sokneråd, Hjelme og Blomvåg. Dette er ei prøveordning frå sentralt hald. Øygarden sokneråd har 6 faste medlemer + soknepresten. 

Kyrkjelova § 9:

«Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet. Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet.»

Soknerådet har ansvar for å leggje til rette for kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni i soknet. Soknerådet uttaler seg ved tilsetjing i kyrkjelege stilingar.

Kyrkjeleg fellesråd. I kyrkjelova § 14 er det slått fast at kyrkjelydane gjennom fellesrådet skal samarbeide om visse oppgåver( innanfor kommunen). Dette gjeld:

  • Administrative og økonomiske oppgåver, t.d. koordineringa av budsjettarbeidet på vegner av kyrkjelydane.
  • Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det bl a å koordinere planane kyrkjelydane har for si verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelege ressursar.
  • Arbeidsgivaransvar (tilsetjingar, ledelse, arbeidsmiljø, stillingomtalar osb.)
  • Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta ansvaret sokna har overfor kommunen.

Fellesrådet legg tilhøva til rette og hjelper til med å organisere arbeidet i kyrkja lokalt på ein best mogleg måte. Fellesrådet har på mange område fått fullmakt til å gjere sjølvstendige vedtak på vegner av sokna. Det vil utfordre sokna til samarbeid og kompromissløysingar. Fellesrådet vil vidare vere viktig som talerøyr for den felles strategien i kyrkjelydane, og for prioriteringar og økonomi overfor kommunen. 
Kyrkjelova § 14 gir desse konkrete oppgåvene til fellesrådet:

  • Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, kyrkjeinventar og gravplassar. 
  • Framskaffing og drift av kyrkjelyds- og prestekontor.
  • Framskaffing av lokale, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæring, også tilrettelegging for funksjonshemma
  • Forvaltning av arbeidsgivaransvaret gjennom å 
    • opprette/nedleggje stillingar
    • tilsette/seie opp arbeidstakarar
    • ivareta partsansvar (inngå og seie opp tariffavtalar)
    • ledelse og arbeidsmiljø
    • utøve styringsrett over felles ressursar. 
  • Forvaltninga av den felles økonomien
    • midlar frå kommunen
    • midlar/tilskot frå staten
    • tilskot frå bispedømerådet
    • midlar som sokneråda overlet til fellesrådet
    • inntekter og formue knytta til fond gaver, arv mv til kirkebygg, stillingar osb.

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no