Diakoni i Øygarden

Dette er visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja: "Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste".

Bjørg Blom (bilde i midten) er diakonimedarbeidar. Ho kan nås på mobil 47816181. Ta kontakt om du treng å snakka med nokon om livet.

Kyrkja driv eit diakonalt arbeid i kommunen, på ulike område: eldretreff, besøksteneste, tilrettelagt gudsteneste for menneske med funksjonshemming (1 gong i året) innvandrararbeid via Frivillighetssentralen, gjennom «Språksprell». Me har samarbeid med nabokommunane i prostiet. Me arrangerer temakveldar, sorg/samtalegrupper, og samlivskurs. Mange frivillige er med i denne tenesta.

Eldretreffa finn stad i Hjelme kyrkje 3. onsdag kvar månad kl. 16.45, og på Tednebakkane omsorgsenter 3. torsdag kvar månad kl. 16.30. Ofte har me gjestar utanfrå kommunen som bidreg med program. Me har det triveleg ilag, med song, andakt, og underhaldning.

Besøkstenesta  er viktig. Mange menneske er mykje åleine, og treng nokon å snakka med innimellom. Då kan dei ta kontakt med diakonimedarbeidaren eller kyrkjekontoret. Me har også nokre frivillige som er med i denne tenesta som du kan få besøk av. Kanskje er det DU som skal vera med på dette? Me treng fleire frivillige, så berre ta kontakt!

Artikkelsnarveger

Artikkelsnarveger

Artikkelsnarveger