Gudstenestelivet i Øygarden

Det er mange som deltek på gudstenestene i Øygarden, både som deltakar og frivillig medarbeidar. I 2016 var nært på 8500 menneske tilstades på gudstenestene. Me har og flinke uløna medarbeidarar som deltek i gudstenestene.

Gudstenester

Det er gudsteneste kvar søndag i Øygarden kl. 11.00, vekselvis i Hjelme og Blomvåg kyrkjer. Oversikt til ei kvar tid finn du på kalenderen som ligg på framsida av vår nettside. Me ynskjer at gudstenestene skal vere ein møteplass der menneske kan treffe kvarandre og der menneske kan møte Gud. Det er verdifullt å kunne sette av litt tid i ei travel veke til å gå i kyrkja. I gudstenestene har me ofte dåp og nattverd, og me har også kyrkjekaffi.

Sprell Levande gudstenester

Fleire gongar i semesteret arrangerer vi Sprell Levande gudstenester. Målet er å skape familiegudstenester som blir ei flott oppleving for store og små. Her er det ofte korsong, drama, opning av skattkista, bønnevandring og kyrkjekaffi. Desse gudstenestene er populære og mange menneske er involvert i gjennomføringa.

Tednebakkane

Kyrkja besøker Tednebakkane omsorgssenter annakvar tysdag klokka 10.30. Som oftast er det organisten og presten som kjem på besøk. Me har enkle møter med andakt, song og bøn. Iblant har me også nattverd. Samlingane er opne for bebuarar og alle andre som er interesserte.