Øygarden barnekantori øver på Tjeldstø skule. Det er no éi gruppe, i alderen 2.- 7. klasse.
Kvart tysdag frå kl. 14.00 til kl. 15.00.
Vi har eit variert program og syng både i kyrkjene, på omsorgssenteret og t.d. på «Syng med oss» som Øygardskoret arrangerer på Kystmuseet kvart år. Vi reiser på kortreff der vi syng saman med andre barnekor. Koret er medlem i Ung kyrkjesong som har som formål å bevara og fornya kyrkjesongen og arbeida for at barn og unge får opplæring i song, kyrkjemusikk og liturgi.
Øygardskoret øver i Hjelme kyrkje kvar tysdag kl. 19.30-21.30. Vi har eit variert repertoar frå viser og songar til kyrkjemusikk, og syng for det meste i kyrkjene, men vi arrangerer også «Syng med oss» og er medarrangør på kulturkveld med Øygarden mållag, begge arrangementa på Kystmuseet. Vi samarbeider med andre kor i regionen, og har hatt musikalprogram og sunge både Bach-kantater og messer. Øygardskoret er medlem i Kyrkjesongsambandet, som m.a. har som formål å vera pådrivar for kyrkjesongen og kyrkjemusikken