Kyrkjeleg fellesnemnd

Kyrkjeleg fellesnemnd er det rådet i kyrkja lokalt som har ansvaret for samanlåingsprosessen.

Kyrkjeleg fellesnemnd er vald frå fellesråda i Fjell, Sund og Øygarden på same måten som kommunane har vald ei kommunal fellesnemnd.Kyrkjeleg fellesnemnd er det rådet i kyrkja lokalt som har ansvaret for samanlåingsprosessen. Kyrkjeleg fellesnemnd har fått vide fullmakter i sitt arbeid fram mot 2020.

Kyrkjeleg fellesnemnd valde Harald Rød som leiar og Brynhild Enerhaug som nestleiar for perioden fram til 2020.

Fellesnemnda er samansett slik (faste medlemer):Erling Vik og Gisle Kårbø Rong (Øygarden), Harald Rød, Jan Ragnvald Torsvik og Dag-Olav Bjorøy (Fjell), Brynhild Enerhaug og Anne Grete Hareide (Sund), sokneprest Kjell-Asle Børnes i Sund (for prestane/biskopen) og Odd Bjarne Skogestad, for kommunal fellesnemnd.