Medverknad

Dei tilsette har peika ut (vald) sine representar til partssamansett utval. Det er også andre viktige møteplassar for tilsette i fellesråda og for prestane. Det vert oppretta arbeidgrupper som vil arbeida med rutinar, oppgåvefordeling og arbeidsoppgåver som er tilpassa den nye organisasjonen etter 2019. Det er også gjennomført kurs for m.a. kyrkjeleg fellesnemnd der det har vore særleg fokus på arbeidsgivaransvaret i høve dei tilsette. Tilsette sine representantar er: Kari Sandøy Rong, Øygarden, Dag Reidmar Pettersen, Sund og Ellen Ebbesvik, Fjell.