Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fellesnemnda har gjort vedtak om organisering og lokalisering

Øygarden kyrkjelege fellesnemnd har i møte 4.12.2018 gjort vedtak om organisering og lokalisering for nytt fellesråd frå 1.12.2019.

Fellesnemnda har i møte 4.12. gjort ei rekkje styrande vedtak i høve samanslåing av fellesråda. Verksemda vert organisert i 5 seksjonar under nivået kyrkjeverje. Seksjon for barn og unge, kyrkjemusikk, diakoni, kyrkjer og gravplassar og administrasjon. Seksjonane vert leia av ein seksjonsleiar.

Fjell kyrkjelege fellesråd har hatt ordning med seksjonar. Dei som er leiarar i desse seksjonane vert også leiarar i dei nye seksjonane. Dette er heimla i arbeidsmiljølova kap. 16 som omhandlar verksemdsovedraging.

Framover vil overordna leiing vere kyrkjeverje, assiserande kyrkjevere og personalleiar. Vedtaka i detalj kan lesast uner fana saker og protokollar.