Om samanslåing av fellesråd

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden skal slå seg saman frå 1.1.2020. Som følgje av dette vert også dei kyrkjelege fellesråda slått saman med verknad frå same dato. Prosessen med å slå saman fellesråda har starta. Denne prosessen er svært lik den kommunale prosessen.

Prosessen med å slå saman fellesråda i 2017 vil ein vere i ein innleiande fase. I 2018 vil ein med tyngde gå inn i alle detaljar. Det er eit omfattande arbeid. Utover i 2019 må ein sjå konturane av den framtidige organisasjonen. Rett over sommaren 2019 må alt vere på plass.

Det er laga ein prosjektplan som er styrande for arbeidet med å slå saman fellesråda.

Kommunane som skal slå seg saman har fått midlar til dette frå Staten. Kyrkjeleg fellesnemnd skal ha sin andel av desse midlane til samanslåing av fellesråda, etter søknad til kommunal fellesnemnd.

Artikkelsnarveger