Før dåp av vaksne skal presten prøve dåpskandidaten si kristne kunnskap og haldning, og sørge for at vedkomande får den undervisning og andelege rettleiing som er nødvendig for å bli døypt.
Den som skal bli døypt (dåpskandidaten) må ha minst to fadrar; dei må ha fylt 15 år. Foreldra kan ikkje vere fadrar. Minst to av fadrane må vere til stades ved dåpshandlinga.
Dåpen blir gjerne forretta i søndagens gudstenste, slik at den døypte kan ta del i nattverda, men dåpen kan òg finne stad i ei eiga dåpsgudsteneste.
Ungdom som ønskjer å bli døypt i konfirmasjonstida, bør vanlegvis døypast etter ordninga "Dåp av vaksne". Om dåpskandidaten ikkje har nådd den religiøse myndesalder, blir innmelding til konfirmasjon òg å sjå på som ei tillating frå foreldre eller verge til at han eller ho kan bli døypt.