Mathilde K. D. Løvfall, som nyleg har komme tilbake frå permisjon, delte sine tankar om samlinga: – Eg har nettopp kome tilbake frå permisjon, og det har vore ein fin og mjuk inngang tilbake igjen. Det har vore nyttig med ei bevisstgjering på leiarrolla og få fagleg påfyll.
Løvfall fortel vidare om kva ho har teke med seg frå samlinga: – Det viktigaste eg har lært, er kven eg ønskjer å vere som leiar, og den eg vil vere som leiar, er ein bestemt, men lyttande leiar. Eg ønskjer å vere trygg i leiarrolla mi, men samtidig både sjå og høyre dei tilsette og organisasjonen sine behov.
Gjennom dei to dagane har seksjonsleiarane delt erfaringar, fått refleksjonstid og lært korleis dei kan møte nye utfordringar på ein betre måte. – Alt i alt, synest eg lederdagane var 10/10, avsluttar Løvfall med eit smil.
No er seksjonsleiarane klare til å ta fatt på nye oppgåver med oppdatert kunnskap, og med ny energi for å styrke samarbeidet i fellesrådet vidare. Dette lovar godt for framtida!