Lys, ro og korsong i ei mørk førjulstid

Fredag 13. desember kl. 07 var det tid for Ottesong i Foldnes kyrkje. Ei vakker og stemningsfull markering som no har vore ein tradisjon i kommunen i 35 år. Øygarden kulturskulekor song med vakre klare stemmer som fylte kyrkja med ei nydeleg atmosfære.

Lys, ro og korsong i ei mørk førjulstid

Vakker korsong med levande lys, akkompagnert av fløyte, piano og orgel, gjorde opplevinga ekstra spesiell. Liturg for dagen var sokneprest Maria Tveten, medan Åshild Eriksen var dirigent. Alle som kom, fekk lussekattar ved inngangsdøra, noko som bidrog til den varme og inkluderande stemninga.

Maria gav ein innsiktsfull refleksjon om tradisjonen med å henge opp stjerner i vindauga i desember. Den peikar på Jesu ord i Åpenberringsboka, der det står at han er «morgonstjerna». Denne symbolikken minner oss om at lyset alt er komen til verda, men samstundes at det skal kome att.

Ottesong er ei spesiell seremoni som kombinerer element frå anglikansk morgensong og svensk luciafeiring, og den trekkjer til seg folk i alle aldrar.  

Luiajenten med lys i håret oget lys in hånden går med stjernegutter på hver sin side   Jenter fra koret går opp mot alteret fra siden, de er kledd i hvite kapper med røde bånd

En kvinnelig prest står og snakker   De minste i koret står og synger, en stjernegutt og en jente synger i mikrofon

NRK radio 

Foldnes kyrkje vart til og med omgjort til studio for «God morgen, Hordaland», der NRK sende direkte gjennom heile morgonen. Publikum fekk høyre vakre songar framført av kjende stemmer – alt frå lokale songarar til kyrkjegjengarar. 

Høyr sendinga på NRK sine sider

Nrk radio står og intervjuer lusiajenten som har lys på hodet


Luciadagen – fleire tradisjonar i éin 

Presten kunne også fortelle om at Luciadagen har røter i fleire ulike tradisjonar, som på kvar sin måte bidreg til den unike feiringa vi kjenner i dag:

  1. Skumle Lussi: Denne tradisjonen stammar frå folketrua, der Lussi var ei frykta figur som kom for å sjå om folket var kome langt nok i juleforberedelsane. Dersom dei ikkje var det, kunne ho lage bråk – ho banka på vindauge eller komme ned pipa og øydelegge den.

  2. Lucia-lyset: Den meir kjende svenske luciafeiringa handlar om lyset som skin i mørkret, der song og lysprosesjonar er viktige element. Denne tradisjonen har sitt opphav i legendene om den heilage Lucia, som bar lys til dei undertrykte.

Kombinasjonen av desse tradisjonane gjer at Luiadagen blir ei heilt spesiell oppleving som rører ved både gamle folketruar og kristne tradisjonar. Det er ei tid for ettertanke, fellesskap og glede over lyset som lyser opp mørkret – ei påminning om at det alltid finst håp.  

Fire jenter står rundt alteret og spiller med klokker    Koret står framme og synger, alle har en arm opp i luften

Koret står stilt opp framme i kyrkja for fotografering, lusiajenta har lys i håret. Alle er kledd i kvite kapper med røde bånd

 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"