Nokre skular tek beina fatt og går heile vegen fram til gudstenesta i si lokale kyrkje – og det i all slags vær. Andre kjem med buss. Om lag 3500 barn har fått oppleve kyrkjebesøk no i denne adventstida. Skulane melder at dette er eit høgdepunkt i året, og seier tydeleg at samarbeidet med kyrkja betyr mykje, og er i tråd med fagplanane.
Ved høgtider og gjennom året finst fleire møtepunkt der historie, kristne tradisjonar og verdiar vert formidla i samhandlinga mellom kyrkje og skule. Gjennom varierte arbeidsformer og innan ulike temaområder er vi saman om vår viktige lokale og nasjonale kulturformidling til dei som veks opp i Øygarden.