Fjell
- 29. april: Ulveset
- 30 april: Knappskog og Skålevik
- 6. mai: Kolltveit og Tellnes
Landro
- 6. mai: Ågotnes og Spjeld
- 7. mai: Landro og Misje
Foldnes
- 13. mai: Foldnes og Hjelteryggen
- 14. mai: Brattholmen (Liljevatnet) og Bjorøy
I utgangspunktet blir alle konfirmantane konfirmert i den kyrkja dei soknar til. Dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, kan ein be om ei anna kyrkje eller ein annan dag. Alle får den dagen dei ønskjer.
Klokkeslett for konfirmasjonsgudstenesta
Det vil bli to konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane (kl.10.30 og kl.12.30). Kva krins som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er.
Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen.
Soknegrenser
Soknegensene mellom Fjell og Landro sokn går midt i Knappskog skulekrins. Dei som bur nord for Spjeldsundet soknar til Landro kyrkje. Resten av Knappskog soknar til Fjell kyrkje.