Første samling med det nye diakoniutvalet

Vi har hatt gleda av å samla det nye diakoniutvalet vårt for første gong, og for ein fantastisk start!

En mann og to damer sitter ved et bord og ser på noen ark. Bordet er fyllt med kjeks, ost, grønnsaker og dipp.
Ein fellesskap av engasjerte, varme og inspirerande mennesker som alle delar ein felles visjon: å vere eit lys og ei støtte for kyrkjelyden vår. Denne første samlinga var fylt med gode samtalar, deling av idear og eit tydeleg ønske om å gjera ein positiv forskjell i lokalsamfunnet.
 
Me er så glade for å ha eit utval med både brei erfaring og stort hjarte, som er klare til å ta tak i diakonale utfordringar og moglegheiter saman. Som diakoniutval har me i oppgåve å skapa inspirasjon og vere "tankekart" for og om det diakonale arbeidet til kyrkjelyden. Diakoniutvalet skal utarbeida ein diakoniplan for kyrkjelyden, og utvalet vil i seg sjølv også vera ei ressursgruppe  som eit lite omsorgs fellesskap som det er godt å vera ein del av. 
 
Me er veldig takksame for den entusiasmen og dedikasjon som vart vist på vår første samling, og ser fram til det spennande arbeidet som ligg framfor oss. Me gler oss til å halda fram samarbeidet og til å sjå dei gode fruktene av vår felles innsats!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"