Fastehefte 2022 for Fjell.pdf
Fastetida kan skape forandring i kvardagen som kan hjelpe oss til å få tak i viktige sider ved trua, mellom anna ved å lese bibelen. Bibelen er ein spanande bok, og dess meir ein kjenner innhaldet, dess meir interessant vert boka. Mange ber på eit ynskje om å lese meir i bibelen for å finne uoppdaga skattar. Vi les ikkje Bibelen for lesinga si eiga skuld, men for at ordet skal gjera noko med oss. Vi kan sjå meir av Jesus og hans vilje for våre liv. Denne fastetida på seks veker inviterer vi til ei felleslesing av Bibelen. I år konsentrere vi oss om Lukas-evangeliet og eit utval salmar.
I dette hefte finn du to bibeltekstar for kvar dag, samt bøneemne for kvar veke. På søndagar er det ikkje bibeltekstar, men vi oppmodar deg til å høyra eller delta på gudsteneste. Finn di eiga rytme, vel om du vil lese begge tekstane eller om det er nok å lese Lukasevangeliet. I år vil vi særleg be for våre misjonsprosjekt: Det eine er NMS sitt misjonssenteret i Mukdahan i Thailand og det andre er School Support Laos. Dette er eit prosjekt der ein støttar fattige barn i Laos med utstyr slik at dei kan gå på skule.
Det viktigaste er å forsøke å gje fastetida rom til å gjere noko med oss. Må Gud openberra seg for deg og velsigna deg denne fastetida.
Fjell