Kyrkjelyden sitt prosjektkor opna gudstenesta med vakker song. Representantar frå dei andre kyrkjelydane i kommunen, deltok mellom anna med skriftlesing. Soknepresten heldt preika, før kyrkjelyden feira nattverd. Gudstenesta vart avslutta av prosjektkoret med Charpentiers berømte «Te Deum», med god støtte frå Øygarden kyrkjebrass.
Etter gudstenesta var det helsingar frå ordførar Tom Georg Indrevik, kyrkjeverje Annlaug Børve og leiar i soknerådet Eigil Nødtvedt. Derpå følgde stor kyrkjekaffi, som seg hør og bør ein slik dag!
(trykk på dei raude pilane for å sjå fleire bilete)