Kyrkjevert - Bidra med ulike tenester under gudstenesta. Ønskje velkomen, utdeling av salmebøker, ta inn takkoffer. Rydde inn att salmebøker , barnebøker o.l. Ca 4-5 søndagar i semesteret.
Kyrkjekaffi - Ansvarleg for å lage til kyrkjekaffien etter gudstenesta, og rydda og vaska opp etter kyrkjekaffien. Ca 4-5 søndagar i semesteret.
Medliturg- Les dagens tekstar og kunngjerningane i gudstenesta. Nattverdsutdelar samen med presten. Ca 4-5 søndagar i semesteret.
Teknikar - Styrer lyd og eventuell lysbilder som er gjort klare på førehand. Må komme litt før gudstenesta byrjar slik at alt er klart. Ca 2-3 søndagar i semesteret.
Søndagsskule - Ansvar for å arrangere søndagsskulen under gudstenesta. Nokre har ansvar for aktivitetar, andre for andakt. Ca 2-3 søndagar i semesteret.
T-dagen – Ulike praktiske oppgåver med registrering, hjelpe på kjøkkenet eller rydding. I tillegg treng vi ofte nokon som kan følgje ungane i grupper eller bidra i formidlinga på ulike måtar.
Barnekor - Koret treng vaksenkontaktar til å vere med å organisere arbeidet med koret, til dømes føre listar, gi info om øvingar/tilstellingar o.l. Dei treng og vaksenpersonar på øvingane.
Tweensklubben - Vera vaksenleiar på klubbkveldar. Ha ein andakt innimellom dersom ein ønskjer det.
KRIK - Er du sporty og ønskjer å vere leiar på eit av KRIK-laga våre så er du velkomen til det! Her kan du bidra med andakt, eller vere med og leie KRIK-øktene.
Anna ungdomsarbeid - Ungdomsarbeidet vårt består av ulike treffpunkt blant anna Ungdomslørdag, Ungmesse, leirar og leiarkurs. Ynskjer du å bidra i dette arbeidet er vi glad for det!
Misjonsprosjekt - Vera med i ei gruppa som vil vere sentral i arbeidet med ei årleg misjonshelg, og vere med i førebuingane av ei misjonsgudsteneste i løpet av året.
Sotra reviderte –Vera med å syngje eller gjera organisasjonsarbeid og promotering.
Kyrkjebrass – Vera med å spele eller gjer organisasjonsarbeid og promotering.
Musikalske innslag - Dersom du syng eller spelar eit instrument, er du velkomen til å opptre på gudstenester eller andre tilstellingar.
Retreat i Fjell – Være med å gjøre i stand og ta del i gjennomføring av et fast oppsett, være en del av retreatstaben.
Diakonale tiltak - Hjelpa til med besøksteneste, kyrkjeskyss, eller bærekraftig liv. Under her kjem også diakonale enkeltarrangementer.
Gudstenesteutvalet - Utvalet skal bidra til å skape engasjerande og livsnære gudstenester der den treeinige Gud vert forkynt.
Informasjonsutvalet - Utvalet skal sørgje for ein god informasjonsflyt ut til alle målgrupper i Fjell sokn. Gjennom ulike kanalar skal det informerast om kva som skjer av gudstenester, aktivitetar og arrangement, skape engasjement og tilhøyre, samt kalle til tru og etterfølging. Hovudmål: Gjere Fjell kyrkjelyd synleg i soknet
Utval for frivillig teneste - Utvalet skal bidra til å rekruttere, koordinere og ivarata frivillige medarbeidarar i soknet. Hovudmål: Bidra til kyrkjelydsvekst gjennom engasjering og involvering av frivillige til teneste.
“Gudsteneste-utvalet”, “Informasjonsutvalet” og “Utval for frivillig teneste” i Fjell sokn er underutval til Fjell sokneråd.
Enkeltarrangement - Om du ikkje ynskjer ei fast teneste, men er villig til å bli spurd om enkelt-oppdrag så er du velkommen til å vere med her. Spesifiser gjerne kva du kan tenke deg å bli spurt om. Om det er kakebaking, musikalske innslag, andakter, å vere vaksen-hjelp på T-dagar eller ulike arrangement, eller om det er noko anna.