Øygarden kyrkjebrass arrangerer eigne konsertar, spelar ute på førespurnad og deltek på gudstenester. Direkte overføring på NRK radio og TV har ikkje stoppa blåsarane. Når vi syng jula inn i Fjell kyrkje er kyrkjebrassen eit fast innslag.
På friluftsgudstenester som kyrkjelyden arrangerer, er ensemblet med så sant dei kan. Til dømes på Fjell Festning 2. påskedag og på Langøy 2. pinsedag. Kyrkjebrassen er, med sin aktivitet, ein viktig brikke for musikalsk mangfald i kyrkja si verksemd. Øygarden kyrkjebrass er tilgjengeleg for oppdrag i alle kyrkjene i Øygarden kommune.
Repertoaret er alt frå tradisjonelle salmar til svingande marsjer.
Om du kunne tenke deg å spille sammen med oss, kan du ta kontakt med leiar Rune Lynglund på tlf. 408 73 642 eller dirigent Olav Sørheim på tlf. 926 15 988.