Landro kyrkjelyd sin bønering

Vil du vere med i Landro kyrkjelyd sin bønering? Kvar tysdag klokka 20 (ettersom det høver for den einskilde) samlast vi i bøn - medan vi fysisk finst kvar for oss i eigen heim eller der vi elles held til.

Et nærbilde av et tent lys i kirken.

Denne stunda set vi i fellesskap av til eit heilagt lite avbrot frå andre gjeremål - under mottoet henta frå Galatarane 6, 2:  Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov.

Vi er i tanke og sinn saman kring Meisteren: Med takkar og med trong. Vi ber mellom anna for menneske som slit, for kristeleg verksemd, for misjon, løysing av verdsproblem, framgang for Guds Rike og for vekst i eigne liv med Herren. Vi kjenner på godt samhald og styrkjen dette gjev, og vender oss til Gud i vissa om at Han er til stades: At Han høyrer og brenn for å svare på alt vi legg fram i tru, av kjærleik og etter Hans gode vilje. Og at Han finn glede i vår hylling.

Bli med i ein varm og lojal bønering - som er til vekst og vel for område, verd og deg sjølve, og som fremst av alt inviterer Gud inn til Hans eige! E-post er ein viktig nøkkel i ringkontakten: Her kan du melde frå om at du vil vere med i ringen (hugs å oppgje namn, e-post og telefonnummer), melde inn bøneemne for vidare formidling (du vel sjølv om dei skal vere anonymiserte), og fremje takkar til Gud for godheit og bønesvar.

NB: Du treng ikkje vere medlem for å komme med innspel! Redaksjonen sender til vanleg ut oppdatert emnelist ein gong i veka. Lista kan ein gjerne nytte til ei anna tid i fall tysdag frå kl. 20:00 ikkje skulle høve. Og om så vel fleire gonger i veka. Vi står uansett saman i innsats og om tema! Har du problem med e-postbruk, eller har andre spørsmål og meiningar knytta til bøneringen: Ta gjerne kontakt via tlf. 412 86 221 eller e-post viberilandro@gmail.com

Deltakinga kostar berre litt kvalitetstid med Herren og fellesskapet - som jo heller er ei stor og rik gåve!  Alle som vil, kan be. Så bli med også her:
Nett du er ynskt og viktig! Nett alle!

Med hjartegod helsing frå redaksjonen i Landro kyrkjelyd sin bønering.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"