Lillelørdag er ein klubb for 5.-7. klasse der hovudfokus er på fellesskap og leik. Om vi er inne eller ute, har vi alltid andakt, vi et noko saman, men mest av alt leikar vi i fellesskap.
Pakkeleiken er alltid eit høgdepunkt på Lillelørdag si adventssamling, men også graut med mandel i og andre leikar med adventsfokus er populære. Denne gongen var vi 31 samla i kyrkjekjellaren, inkludert nokre flotte hjelpeleiarar, som vi også fekk takka og heidra.