Konsertglede

I desember har Foldnes kyrkje blitt fyllt opp med fleire julekonserter, som bringar stor glede og vekker stort engasjement blant publikum.

Koret står stilt opp framme i kyrkja, dei er kledd i svart og rødt. ei stjerne reflekteres i eit vindauge

Ein magisk julekonsert i kyrkja

Første søndag i advent vart kyrkja fylt av juleglede då nesten 390 menneske møtte opp for å oppleve gospelkoret Lokal Vokal sin julekonsert "Å kom nå med lovsang". Med eit kor på over 60 songarar vart publikum tatt med på ei stemningsfull reise gjennom både tradisjonelle og moderne julesongar. Stemninga var stor då dei kraftige stemmene fylte heile rommet med song. Publikum vart rørt av både solosongar og storslåtte fellesnummer, og applausen lét ikkje venta på seg. Dette var ei kveld som verkeleg sette startskotet på høgtida for mange.  

Publikum som klapper, sett bakfra i stolradene. Framme står eit stort kor   Bandet som speler, ein på bass, ein på gitar og ein på trommer

Frå bakerst i kyrkja ser man koret i midten og publikum sitte i stolradene

Koret har fått fleire gode tilbakemeldingar frå publikum. "Veldig gode musikarar, variert innhald, flinke solistar og flott korsong. Gåsehud mange gongar!"


Julekonsert med skikkeleg trøkk

Tysdag 3. desember var det julekonsert i regi av RAMP for ei fullsett Foldnes kyrkje, for tiande året på rad. Vi fekk høyra ei rekke flinke solistar som song både saman og kvar for seg. Bergljot Gjedrem, Solveig Mo, Erle Benedikte Verlo og Remy Olsen losa oss, saman med det eminente husorkesteret, gjennom eit variert program med julemusikk for einkvar smak, både gamle klassikarar og nye songar. 

Det var ein konsert med stor variasjon, frå den heilt neddempa starten med Mitt hjerte alltid vanker, vakkert framført av Solveig Mo med berre orgelakkompagnement, til gospelkoret The Gospel Singers frå Bergen som avrunda konserten med m.a. ein særdeles frisk versjon av den gamle juleklassikaren Joy to the world.

Mussikarar på ulike instrument og ein solist framme i kyrkja   En dame og mann står framme og syng

Stolradene er fylt med publikum   Framme i kyrkja er det lyssatt med mange lys, ei dame står og syng og menn på instrument sitt bak

 

Ein vakker konsert - Stille natt, hellige natt

Fire artister står fremme i kirken, tre synger og en spiller på strykeinstrument. Det er lysatt med lilla og rosa-toner i kirken

Rune Larsen uttrykte stor glede over å få besøke den flotte kyrkjelyden i Foldnes kyrkje den 28. november. Publikum deltok ivrig i allsongen, og stemninga vart fylt av kjente og kjære julesongar. Eit høgdepunkt for kvelden var då Alexander Rybak framførte "Ungarsk juledans", som vart møtt med stor jubel frå salen.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"