Stemninga var god blant dei 30 personane som var samla, for det meste damer. Dei to mennene som kom, kosa seg også og var heilt på høgde med resten av gjengen både med å lage god stemning og fine resultat.
Det var folksamt og tett i mellom kransane. Her kom naboar, svigerinner, mødre og døtre, veninner saman og nokon utan å kjenne andre frå før. Fleire generasjonar var samla og den yngste sov seg gjennom heile aktiviteten. Med seg heim fekk ein både nydelege kransar og velsigning. Takk for ein hyggeleg førjulsaktivitet saman