Etter litt rekognosering blei det henta eit Hammond C3 frå 1958 som var til sals i Bergen, det kunne bli ståande på prøve i kyrkja i nokre månader, og på i løpet av denne tida bestemte soknerådet seg for å slå til og kjøpa orgelet. Heilt frå starten av skapte dette prisjektet ein stor grad av entusiasme og økonomiske støttespelarar meldte seg raskt. Etter at orgelet var kjøpt inn for kr 90 000, stelte organist Aasmund Brekke i stand ein konsert for å samla inn pengar til prisjektet.
Denne konserten, som fann stad i Foldnes kyrkje 1. oktober, vart ein opptur av dei sjeldne, med mengder av frisk sang og vellyd frå hammondorgel. Det var på førehand sendt ut åtvaring om at det ville bli teke opp ein "astronomisk kollekt". Med eit innsamlingsresultat på 54243 kr så må ein seia at forventingane på dette punktet vart innfridde og vel så det. Saman med eit par store gåver til prosjektet frå enkeltpersonar, medfører dette at ein no har dekka inn både heile kjøpesummen og prisen på nødvendig oppgradering og renovering, berre med innsamla midlar.
Konserten baud på musikk med mange dyktige aktørar som alle stilte opp på dugnad: dei framifrå solistane Solveig Mo, Bergljot Gjedrem og Remy Olsen, Ramp-bandet med Erlend Gjøen, Trygve Hellesen og Tor Håvard Wiig, for anledninga forsterka med Gunnar Innerdal og organisten i Loddefjord, Arnt Thyve, som har lang erfaring med gospel på hammondorgel, alt under leiing av organist Aasmund Brekke.
Soknerådsleiar Per Helge Refvik orienterte om prosjektet med kjøp av orgelet og Hein Kvalheim heldt ein flammande kollekttale. Per Møll fortalde på inspirerande vis om nokre av sine opplevingar i møte med gospelkulturen i USA og hammondorgelets sentrale plass der. Mot slutten av konserten delte sokneprest Maria Tveten nokre kveldstankar, denne gongen med innlagte "preacher chords" frå Arnt Thyve på orgelet, som kulminerte i ein allsongbolk der heile forsamlinga faktisk reiste seg på eige initiativ (det er sjeldan ein opplever i Den norske kyrkja..).
Foldnes kyrkjelyd sitt eige kor, Gospelkoret Lokal Vokal avslutta konserten med nokre svært friske songar. I ettertid har orgelet vore ute på langtur til Oslo, for oppgradering og overhaling hos firmaet Newtone, men rett før julekonsertsesongen starta var det tilbake på plass i kyrkja, så godt som nytt. Det har allereie blir brukt flittig på konsertar og gudstenester, og er no klart for å bli brukt i mange år framover i stimulerande samspel med kyrkjelyd, flygel, band og kyrkjeorgel.