Det blei ein intens generalprøve – med mange ting som skulle finpussast på. Hugsar gitaristen kor gitarsoloen skal komme inn? Kva var overgangen frå dramastykket til neste song? Og kva var den songen igjen, er det nokon som har ein oversikt over konserten? Når var det trommene skulle vere solist? Har me fått lyd i synthen? Klarar eg å synge denne soloen? Og kor er parykken til bestemor?!?
Men når dørene opna kl. 19.30, og publikum kom inn i salen, då måtte alle vere klar. 20 spente ungdommar inntok plassane sine – ved instrumenta og bak mikrofonane. Så var konserten i gong, og ungdommane imponerte! Julesongar med eigne arrangement, både i fleirstemt kor og i bandet! Solistar i fleng! (Faktisk hadde dei fleste av koristane ein solo i løpet av konserten.) Nylaga danse- og dramastykke, fullstappa av sjarm, humor og julestemning.
Etter konserten kunne alle puste letta ut – og hauste skryt og godord frå vener, familie og publikum. Og gjekk du glipp av konserten? Då kan du få med deg eit par glansnummer på «Vi syng jula inn» i Fjell kyrkje på søndag (15/12) kl. 17.
Dans og drama var fint fletta saman (legg merke til bestemor i stolen - ho sovna rett og slett)
Sårt og nydelig - Tenke på en venn