Vi vil at alle nye i kyrkjelyden skal kjenne at kyrkja er ein god stad å både kome og vere. For å bli kjend med nye, kan et vere ein god ide å bli igjen på kyrkjekaffien. Vi har lyst til at du skal kjenne at Foldnes kyrkje er ei god plass å vere!
Vi har og bibelgruppar, aktiviteter og frivillige tenester kor ein kan finne eit mindre fellesskap i den store kyrkjelyden. Ta kontakt med sokneprest Maria Tveten (45063016) viss du er ny og ønskjer å bli kjend med og i kyrkjelyden!