Ein kjekk gjeng med tweens møtest i kyrkja ein tysdag i månaden

På Betweensklubben et vi nesten alltid pizza – og det er ikkje Grandiosa! Dei som har vore med ei stund, lærer opp både oss vaksne og dei nye barna.

Barn og voksne sitter rundt et bord og spiser pizza, en jente lener seg over bordet og smiler

Etter maten leikar vi avisleiken, og før eller etter bibelforteljinga leikar vi Politi og røvar, utan unntak! Då er det full fart gjennom gongane i kyrkjekjellaren, gensarar blir kasta, og det går med ein god del vatn etter at alle er tatt. 

En gutt går framfor stoler andre barn sitter på   En jente holder en sammenrullet avis og løfter den, en gutt sitter på en stol bak henne og smiler

I tillegg er bordtennis, biljard og brettspel alltid populære aktivitetar. Tida flyg, og ofte har ikkje gjengen lyst til å gå heim når det er slutt. Sist var det ei jente som lurte på om vi ikkje kunne ha klubben oftare, kanskje annakvar veke? Ein annan forstod ikkje kvifor dei måtte dra heim etter berre to timar. 

Tre gutter spiller biljard på et lite biljardbord   Tre gutter spiller bordtennis

Betweensklubben er for barn frå 3. klasse og oppover, og vi møtest i kyrkjekjellaren i Sund kyrkje. Vi har plass til fleire! Sjå oppslag i kyrkja for komande datoar. 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"