Kl. 17 startar vi med eit varmt måltid. Frivillige medarbeidarar har allereie vore der ein time og laga mat. Etter god tid rundt måltidet syng vi saman og høyrer på bibelforteljing. Deretter har vi formingsaktivitet.
På Myldredag i Kausland kyrkjelydshus no i januar, var det ei mor som hadde bursdag. Dei valde å komma heile familien på fem pluss bestemor, for å feira dagen saman med oss der. Bestemor hadde bakt og overraska med eplekake og sjokoladekake, så etter middagen vart det bursdagssong, kake og kaffi. Denne dagen var det to jenter som var der for første gong. Det var så fint å sjå samspelet rundt måltidet der den eine nye jenta sat og prata med ein “ukjend bestefar”. Fellesskap og glede blir skapt når praten går mellom ulike generasjonar rundt måltidet. Samtalar med augnekontakt, smil og latter gjer godt.
Bibelforteljinga denne gongen var om når Jesus metta 5000. Vi lytta til historia, gjenfortalde ho saman og laga to små fiskar og fem små brød i trolldeig som vi la på ein fint pynta tallerken.
Under myldredagen i Sund kyrkje har vi avslutninga i kyrkjerommet. Vi tenner lys og syng velsigninga saman. Denne gongen var det tre jenter som også går i Stjernekoret vårt, som ønskte å syngja velsigninga åleine. Dei stod framfor alteret og song “Herren velsigna deg” til oss som sat i kyrkjebenken. Det var ei sterk og rørande oppleving å få ta imot Guds velsigning frå tre 1. klassingar.
Det er ein fin gjeng som går på Myldredag, og nokre nye kjem til innimellom. Vi har plass til fleire, så både nye og gamle er velkomne! Følg med på Skjer i kyrkja for tid og stad.