Eli Landro kjem og har foredrag for oss. Ho vil mellom anna snakke om korleis det kan opplevast å bli enke/enkemann og gå frå å vera par til å bli femte hjul på vogna. Er det mogleg for oss som står rundt å invitere, bry oss, lage plass til dei som opplever døden i nær familie og omgangskrins?
Kva treng ein som sørgjer? Kan vi bli trygge i å møta venner og familiemedlemmer som er i sorg? Er vi redd for å trø feil?
Vi snakkar mykje om eit varmare samfunn og å ha omsut for kvarandre. Mange er gode på dette, Nokre gonger treng vi eit puff for å tørre å møte sørgande.
Vi ynskjer at denne kvelden skal vera med å oppmuntra oss til å ta nye steg i møte med nære som sørgjer.
Det vert vakker musikk og enkel bevertning. Her er både pårørande, venner og familie hjarteleg velkomne. Kom og bli med!
Temakveld om sorg vert årleg arrangert av Øygarden kyrkjelege fellesråd. Her gir vi også informasjon om sorggrupper som ein kan melde seg på same kveld, eller ved å ta kontakt med diakonane eller kyrkjekontoret på Straume. Telefon: 400 03 316, e-post: post.oygarden@kyrkja.no