Kvart år deltar over 7000 frivillige organisatorer og 100 000 bøsseberarar i heile Noreg og samlar inn pengar til eit felles mål. I år er det Leger uten grenser og deira systerorganisasjon DNDi (Drugs For Neglected Diseases Initiative) som er mottakar.
Midlane skal bidra til å forebyggje epidemiar og behandle kjente og ukjente sjukdom i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. Vi skal gje vaksiner, tilgong på livreddande medisinar og legebehandling. I samarbeid med forskningsorganisasjonen DNDi skal deler av TV-aksjonsmidlene brukast til å utvikle medisinar mot glemte, døydelige sjukdom.
I Øygarden kommune har kommunekomiteen, beståande av representantar frå politikken, næringslivet, frivilligheita og kommunen dei siste månadene jobba med å promotera, informera og skaffe bøsseberarar for aksjonsdagen 23. oktober. Vi treng framleis fleire bøsseberarar i heile kommunen. Frivillige som ønskjer å delta kan registrera seg på www.blimed.no eller ta kontakt med frivilligsentralen på frivillig@oygarden.kommune.no Det er óg mogleg å engasjera seg digitalt og oppretta ei digital bøsse på https://www.spleis.no/tv-aksjonen