Kyrkja er ei arbeidskyrkje i betong, bygd i naustform. Det er 340 sitjeplassar. Ulike tilleggsrom som kjøkken, inngang, toalett og barnerom er lagde til eit tilbygg med flatt tak aust og dels sør for hovudbygningen.
Denne kyrkja hadde eit større vedlikehald i 2011 og fekk stolar i staden for benkar.
Adresse:
Hellesøyvegen 80
5334 Hellesøy
Adkomst:
- Næraste busshaldeplass er Hjelme kyrkje. Det tar ca. 2 minuttar å gå frå busstoppet til kyrkja.
- Parkeringsplass før kyrkja, tilkomst frå hovudvegen, følg skilt.
- Det er ein HC-parkeringsplass ved porten til kyrkja.
- Hovudinngangen til kyrkja er trappeløs.
Kyrkjerommet:
- Kyrkjerommet er trinnfritt.
- Det er fleire toaletter inne i kyrkja og eitt HC-toalett.
- Teleslynge er installert.
- Det er gode lysforhold i kyrkja, speselt på venstre side.
- Det blir tilrettelagt plass til rullestolbrukere ved behov.