Landro kyrkje på Landro vart vigsla 11. desember 1977, over hundre år etter at vi fekk Fjell kyrkje slik den står i dag. Men, allereie i 1923 vart Landro bedehus vigsla til kyrkjeleg bruk, noko som fortel oss at folk i nordre delen av Fjell har venta lenge på eit eiga gudshus.
Kyrkja er bygd som ei "sentralkyrkje"- kjenneteikna av at alle sidene er like lange som i eit kvadrat- eit symbol på at kyrkja rommer heile verda. Kvadratet som form går igjen i interiøret i kyrkja; alteret - døypefonten – preikestolen. Alterveggen er bygd opp i småstein, og symboliserer menneska i kyrkja.
Adresse:
Landrovegen 250
5363 Ågotnes
Adkomst:
- Næraste busshaldeplass er Landro skule. Det tar ca. 4 minuttar å gå frå busstoppet til kyrkja.
- Parkeringsplass før kyrkja, tilkomst frå hovudvegen, følg skilt.
- Det er ein HC-parkeringsplass ved inngangen til kyrkjekjellaren, og to nede ved parkeringsplassen.
- Hovudinngangen til kyrkja er trappeløs.
Kyrkjerommet:
- Kyrkjerommet er trinnfritt.
- Det er to toaletter inne i kyrkja og eitt HC-toalett.
- Teleslynge er installert.
- Det blir tilrettelagt plass til rullestolbrukere ved behov.
Kyrkjekjellar:
- Teleslynge er installert.
- Det er fleire toalett i kjellaren
- Det er trappeløs inngang på nedsia inn til kyrkjekjellaren.