Skadeomfanget er større enn forventa

Onsdag 1. november var fellesrådsmedlem Arvid Nese saman med tilsette i Øygarden kyrkjelege fellesråd på synfaring i Fjell kyrkje og fekk sjå framdrifta på prosjektet.

Arbeidarar står til venstre oppe i et stilas og ser på taket til kyrkja som er uten skifer.

Inne i kyrkja er benkene dekt med plast, teppet er dekt til. Vindauga er tatt bort, og dekt for.

Alle vindauga i skipet er teke ut. Arbeidet er vesentleg større enn venta, samla er vindauga no om lag 25 % av heile prosjektet. Det er større rustangrep enn venta, så jernsprosssene må sveisast på. Det er vesentleg meir rote i karmane enn det vi hadde venta. Blyet som held glasa på plass er ganske tynnslite og vil ikkje tole kitting. Tolv tusen seks hundre glas må ut og få ny blyinnfatning.

Råte i treverket under vindauget

Isoleringa med papp og Glava har gjort stor skade ved altertavla/vinduet i koret. Ny løysing vil måtte bli noko enklare i høve til isolering, men målet er at det ikkje skal gå ut over vindgjennomtrenging i veggen.

Taket utan skifer med stilas rundt veggene, arbeidere på stilaset

Tilstanden på taket er betre enn forventa, og svinnet på skifer er veldig lite i høve til det som var teke høgde for. Skifertaket veg 17 tonn på den eine sida og 18 tonn på den andre sida. Dette er for tungt for konstruksjonen og takåsene har bøgd seg mykje under vekta. No kjem det mest sansynleg nye takåsar av limtre.
 

Deler av taket er tatt bort og arbeidere står på brett der det mangler tak.

Bak den grønne presenningen er tårnet. Endane av åsane var sterkt råteskadd på grunn av vassinntrenging. Som biletet viser er taket rive bort til næraste sperr. Det er viktig å få bort all råte for å unngå smitte til friskt materiale.

Ein mann i arbeidsklede balanserer på ei bjelke medan han tek eit bilete med mobilen.

Arvid Nese frå fellersådet dokumenterer arbeidet. 

Under gulvet og rundt ei stolpe er det lagt sement

Denne søyla hadde store råteskader, no er all råte i søyla fjerna. Riksantikvaren godkjente at søyla kunne understøttast med betongfundament. Dette er første runde av støypinga. 

Tre arbeidarar står ute rundt eit arbeidsbord og lagar tre-pinnar ved hjelp av øks

Dyktige handtverkarar lagar trepluggar ved bruk av øks.

"Du må vakne Edvard vi skal snart heim" står skrive på ein bjelke med blyant

Det er forskjellig som dukkar opp under overflata. Her har nokon sove på jobb: "Du må vakne Edvard vi skal snart heim".

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"