Eit av vilkåra for tildelinga frå kyrkjebevaringsfondet er at tilskotet vert nytta innan utgangen av 2024. Arbeidet startar difor opp allereie 30. september, med montering av stillas.
Kyrkja vert stengd for aktivitet på dagtid, mellom anna må gravferder haldast i ei av dei andre kyrkjene i kommunen. Dette gjeld ikkje for planlagde gravferder første veka i oktober, som vert gjennomført som planlagt.
På ettermiddags-, kveldstid og i helger kan aktiviteten gå for seg som normalt.
Arbeidet som skal utførast er
- Tekking av tårnet
- Omlegging av taket på kyrkjelydssalen
- Reparasjon av vindauge i tårnet, og to mindre vindauge i kyrkjerommet
- Varevindauge (isolerglas) til vindauga i kyrkjerommet