Statsråd Kjersti Toppe besøkte Fjell kyrkje

Torsdag 9. mars kom statsråd Kjersti Toppe til Fjell kyrkje. Ho ville høyre om det store renoveringsarbeidet kyrkja skal gjennom. Fellesrådsleiar Dag-Olav Bjorøy ønskte velkomen, og statsråden fekk høyre soknerådsleiar Jorunn Gjersvik, sokneprest Per Hjemdal og sokneteamleiar Anne  Ludvigsen Kaldestad fortelje om livet i kyrkjelyden. Det er svært mykje som skjer!

Frå venstre: ordførar Tom Georg Indrevik, prosjektleiar Arne-Magne Fjell, sokneteamleiar Anne Ludvigsen Kaldestad, soknerådsmedlem Ragnhild Andersland, soknerådsleiar Jorunn Småbrekke Gjersvik, leiar i kyrkjeleg fellesråd Dag-Olav Bjorøy, barne- og familieminister Kjersti Toppe, kyrkjeverje Annlaug Børve, statssekretær Trine Fagervik, driftsleiar bygg og anlegg Tore Heggernes, leiar i utval for tenester og levekår Jan Utkilen, sokneprest Per Hjemdal, kommunestyrerepresentant for Sp, Sølvi Kobbeltvedt og kyrkjetenar Ingaliss Apeltun. Foto: Vigleik Brekke

Kyrkjeverje Annlaug Børve la vekt på at nettopp det at kyrkja vert brukt, er den beste garantien for at ho vert bevart. Generasjon etter generasjon opplever at kyrkja er ein stad dei kan kome til både i glede, sorg, kvardag og fest. Folk er glade i kyrkja si, og ønskjer å ta vare på henne.

Ordførar Tom Georg Indrevik slo også fast at kyrkja er viktig for mange. Han sa at dei løyvingane kyrkja får gjev stor meirverdi tilbake i samfunnet. Han fekk mykje ros frå både statsråd og den lokale kyrkja for Øygarden kommune sine løyvingar til renovering av kyrkja. 

Prosjektleiar Arne-Magne Fjell gjekk gjennom prosjektet så langt som det er komen, og sa mellom anna at det på anbodsbefaring var mange interessentar. 

Tema var elles mellom anna kyrkjebevaringsprogrammet som departementet arbeider med. Her skal mildar for Opplysningsvesenets fond fordelast for ta igjen etterslep på vedlikehald av kyrkjebygg. Alle dei lokale representantane oppmoda statsråden til å ikkje utelukke prosjekt som allereie er komne i gang frå støtteordninga. Dette lova statsråden å ta med seg vidare i arbeidet.

Statsråden takka for alle orienteringane, og sa at det hadde vore interessant og lærerikt å komme til Fjell kyrkje

 

Les artikkel frå Øygarden kommune si nettside her

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"