På treffa vert det servert god mat og ein har ei samling om Guds ord med andakt, song, og andre innslag. Det vert og rikeleg tid til sosialt fellesskap der ein kan treffe gamle kjente eller knyte nye kontaktar.
Formiddagstreffa er opne for alle som ønskjer og har anledning til å vera med. Ein kan komme på samlingane sjølv om ein ikkje høyrer til i den kyrkja der treffet er.
Treffa er:
- Første onsdagen i månaden i Foldnes kyrkje kl. 11.30
- Siste onsdagen i månaden i Landro kyrkje kl. 11.30
- Siste onsdagen i månaden vekselvis i Sund kyrkje og Kausland kyrkjelydshus kl. 11.30
- Første torsdagen i månaden i Hjelme kyrkje kl. 12.00