Det er ein stad for fellesskap av menneske som deler trua på Gud, Jesu oppstode og livet med Den heilage ande. Det er ein stad der menneske møter kvarandre, og saman trer fram for Gud.
- I kyrkjene i Fjell, Landro og Foldnes er det gudstenester stort sett kvar søndag.
- I kyrkjene Sund og Kausland er det vekselvis gudsteneste kvar søndag.
- I kyrkjene Hjelme og Blomvåg er det vekselvis gudsteneste kvar søndag.
Oversikt og tidspunkt for gudstenestene i Øygarden finn du på skjerikyrkja.no
Er det ei kyrkje i kommunen ein ikkje har besøkt, nytt høvet til å besøke ei nabokyrkjelyd! Hjarteleg velkommen i kyrkje uansett.
Fellesskap
Dei som førebur ei gudsteneste, gjer det på vegne av heile fellesskapet. Målet for all førebuing er at både den kyrkjevane og den som kjem ein gong imellom, både barn og vaksne, unge og gamle, opplever at her i kyrkjerommet høyrer dei til – vi er saman for Guds andlet.
Her er vi eit fellesskap som tek imot den treeinige Guds gode gåver, og svarar med lovprising, bøn og teneste i verda.