Nattverden er eit tilbod om å ta imot Kristus som Guds Son og verdas frelsar, og bli eitt med Han. I nattverden er Kristus sjølv til stades og gir sin kropp og sitt blod i brød og vin. Nattverden er ein av hovuddelane i gudstenesta. Når vi deler brød og vin seier presten: "Dette er Jesu kropp" - "Dette er Jesu blod".
Kvelden før Jesus blei krossfesta, var han saman med læresveinane sine. Dei åt eit måltid saman. Dette måltidet reknar kyrkja som innstiftinga av nattverden.
Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne.. (Matt 26, 26-28)
Kvar gong vi feirar nattverd, blir desse orda sagt. Å feire nattverd saman har vore viktig for kristne gjennom to tusen år.
Barn er velkomne
Barn som er døypt og har fått vegleiing om nattverden, kan delta ved nattverden saman med sine foreldre, fadrar eller andre som har medansvar for barnet si kristne oppseding.