På T12-LysVaken handlar det om å setje gode spor og vere lys vakne for kvarandre og for verda. Vi skal snakke om misjon og diakoni, om Paulus og om Thailand. Vi skal ete god mat saman, leike, undrast, syngje … og sove! For sjølv om vi søv, er Gud alltid vaken – for oss.
Program for helga
Laurdag 23. november
• Kl 16.00 - 16.30: Registrering og brødmat
• Svisj – vi er saman!
• Sporløp og gudstenesteverkstad
• Tacofest
• Perlevandring og ord for natta
Søndag 24. november
• Lys vaken og klar for frukost!
• Kl 11.00: Gudsteneste for heile familien, med kyrkjekaffi og basar
• Kl 13.00: Slutt på T12 Lys Vaken
Ta med: Sovepose og liggjeunderlag (ikkje stor madrass!), pysj, tannkost og T-dagsmappa di, viss du har.
Meld frå om særskilde behov i god tid. Pris for heile helga: 100 kr. Vipps #824175 - hugs å merke betalinga med T12 og namn på barnet. Betaling skal ikkje vere til hinder, ta eventuelt kontakt.