T9 - Tårnagentdag

Det blir "T9 Tårnagentdag" i Fjell kyrkje laurdag 15. mars.

T9 - Tårnagentdag

Alle som er fødde i 2016 er hjarteleg velkomne til å utforske Fjell kyrkje i lag med oss. Det blir både tur opp til klokkene i kyrkjetårnet, symboljakt, agentoppdrag, leik, mat og mykje meir. Velkomen!

Laurdagan startar med agentregistrering kl 16, og avsluttast med agentfinale kl 19.30. På agentfinalen er alle velkomne til å sjå og høyre kva agentane har gjort og lært denne dagen. Inviter gjerne med deg både storfamilien og fadrane dine. 

  • Vi serverer: agentsuppe, kakao og frukt
  • Ta med lommelykt og klede til å vere ute i
  • Ta på deg mørke “agentklede” til innebruk

Søndag 16. mars kl. 11 blir det tårnagentgudsteneste i Fjell kyrkje.

Ved særskilte behov: Gje beskjed i god tid! Vi vil legge til rette for alle som vil komme.

Pris: 50,- pr deltakar. Vipps gjerne på førehand, til #824175, og hugs å merke vippsen med "T9" og namn på tårnagenten. Betaling skal ikkje vere til hinder, ta eventuelt kontakt.

T-teamet gler seg masse til å oppleve kyrkja saman med dykk. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"