Haustnummeret av kyrkjebladet for Øystre Slidre er no på veg ut i postkassane til alle husstandar i kommunen.
I dette nummeret kan du blant anna lese og sjå bilete frå stølsmessene som vart held denne sumaren. Tenk at denne tradisjonen har vara i over 100 år!
Dette nummeret og tidlegare utgitte blad av kyrkjebladet kan du lese på nettsidene til kyrkja. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du ikkje får kyrkjebladet. Nyaste utgåve av bladet er også tilgjengeleg i resepsjonen på Tingvang.