Fasteaksjonen

Gjennom å bidra i Kirkens Nødhjelp si årlege innsamling Fasteaksjonen tek du del i kyrkja sitt samfunnsengasjement og diakonale arbeid.

Nestekjærleik, menneskeverd, engasjement og omtanke for andre er verdier dei fleste vil kunne stille seg bak, og heilt sentralt i kyrkja sitt verdssyn. Å vera kristen er óg å vera eit handlekraftig medmenneske. Kirkens Nødhjelp er kyrkjas eigen humanitære organisasjon, som med Fasteaksjonen kvar vår gjev oss ein sjanse til å late ord bli til handling, og utgjere ein forskjel. Bøsseberarar i tusental går frå dør til dør over heile landet. Les meir om Fasteaksjonen her.

Kirkens Nødhjelp driv eit stort og variert arbeid for å nedkjempe urettferd og verne og redde menneskeliv i 31 land verda over. Dei siste åra har mykje av fokuset ligge på reint drikkevatn. Les meir om Kirkens Nødhjelp sitt arbeid på deira nettsider.

Fasteaksjonen skjer kvart år, før påske, og er ein del av innkøyringa til konfirmasjonsdagen for konfirmantane. Men det er óg behov for fleire andre frivillige krefter til organisering og gjennomføring av aksjonen. Å bidra på dette viktige arrangementet hjelper oss å vende blikket ut frå vårt eige og bruke kreftene våre til gagn for våre medmenneske. Det er for oss noko av det viktigaste ved kristenlivet!

Om du ynskjer å vera med å gjera ein forskjel ved å bidra under Fasteaksjonen, ta kontakt med oss!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"